Godøy Bedehus og Kapell er eit forsamlingshus, bygd av og for folket på Godøya. Huset er vigsla til kyrkjelege handlingar, men kan også nyttast til almennyttige føremål. Kjellarlokala med kjøkken og
uteområde er mogeleg å leige som selskapslokale til lag, organisasjonar eller enkeltpersonar så lenge dette ikkje kjem i konflikt med anna
verksemd på huset. Vi kan tilby eit godt utrusta kjøkken med kopper og kar til ca 150, og bord og stolar til inntil 120 personar.
Det er leikerom og gode toalettfasiliteter; alt på eit plan. Deler av lokala er nyoppussa. Til dømes vart kjøkkenet totalrenovert i 2020. Parkeringsplassen er romslig.
LEIGESATSAR
Bedehuskjellar med kjøken til minnesamver – 3.000,-
Bedehuskjellar m/kjøken til selskap/private festsamver – 5.000,-
Leige sal oppe utan kjøken (konsertar og lignande) – 3,000,-
Leige sal oppe og kjellar med kjøken samla – 6.000,-
Utleige til eksterne forsamlingar: 10% av kollekt/inntekt – 1.000,-
Heildagsutleige kjeller til kommuneval o.l – 6.000,-
Utlån av betalingsterminal – 500,-